Trur folk håpar Strandberg tabbar seg ut: – Då kan dei seie «kva var det eg sa»

Stefan Strandberg har på urettferdig vis vorte ei skyteskive, meiner NRKs ekspert. No reagerer lagkameratar på situasjonen som er oppstått.

– Det er ekstremt, det presset han lever under no. Eg er veldig lite tilhengjar av at ein skaper slike skyteskiver som, same korleis dei presterer, får kritikk. Det er veldig urettferdig.

Det seier NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg om den mest omdiskuterte spelaren på fotballandslaget, Stefan Strandberg.

Eit kjapt søk på sosiale medium viser at det kryr av hets og kritiske meldingar retta mot 33-åringen. Men også frå eksperthald har fleire vore skeptiske til at sørlendingen held fram med å få tillit på A-landslaget.

Vålerenga-kapteinen har no gått i medie-hi etter ei rekkje sportslege nedturar den siste perioden.

Han fekk mediepause av VIF førre veke og var ikkje tilgjengeleg for intervju etter VIFs treningar slik lagkameratane var.

Seinare takka han nei til å stille til intervju etter Vålerengas skuffande 0-0-kamp mot Stabæk – og då landslagsspelarane møtte pressa tysdag, fekk NRK beskjed om at midtstopparen ikkje var tilgjengeleg.

– Han hadde eit ønske om å ikkje snakke. Han kjenner nok at han har vore nok i krysselden den siste tida, seier Ståle Solbakken til NRK om fråværet.

Kristoffer Løkberg meiner Strandberg har vorte ei lett skyteskive sidan han «berre» spelar i Eliteserien og for eit Vålerenga som prestert dårleg i heile år.

– No har det gått for langt. Kritikken har ikkje heilt samanheng med faktiske prestasjonar for det norske landslaget. Dei fleste har bestemt seg for at Noreg har eit stopparproblem. Ja, det kan vere tilfelle. Vi treng å utvikle fleire og betre midtstoppartypar, men det er ikkje Strandbergs feil. Det kan ikkje vere sånn at det automatisk er Strandberg som har skulda viss vi taper ein landskamp, det held ikkje mål, meiner Løkberg.